Dikt

LENGSEL

Skrive av Liv Torunn Sildelid – desember 2009

Kvite vidder med solskin på,
er det finaste eg kan sjå,
det kjem ein lengsel i meg då,
slik at eg opp til deg må gå.

Spenna skia på min fot
og med alt for stor eit mot,
glir eg sakte over deg,
mjuk og kvit du ventar meg.

Og når stundom slik eg fær,
kikkar, leitar, undrar, ser,
”kor er du… kor blei du av?”
Alltid gildt å ha eit lag.

NOKRE RIM OM ROPEIDHALVØYA

Skrive av Marita Lindal Haug – november 2009

Ytst ute i fjorden, suldølen lengst imot vest;
Halvøynå ligg der i solskin og blest.

Skogen og vatnet, fjellet og fjorden,
variert og storslagen er naturen framboren.

Dette var synet som møtte dei første,
dei første som kom her svoltne og tørste.

Dei kunne fiska i fjorden og jakta på land,
og grøde i jorda dei også fann.

Alt lenge før Torstein av Heimnes si tid
var det nokon som fann ut at her var godt å bli.

Dei fleste av oss er ein av mangen,
men ein viktig bit i samanhangen.

Og me er arbeidssame, driftige og flittige med,
og dugnadsånda lever når noko skal skje

Først og fremst er me som folk andre stader,
slike ein treff på alle breiddegrader

Nokon er blide, andre meir tverre,
Nokon er utadvendt, andre meir skjerre.

Felles er likevel gleda over det
at sidan 1990 har me hatt veg her te`.
Eller ut , om ein heller vil at det skal skje.

Og i unge år reiser mange ut.
Dei treng meir vidsyn enn heimsleg nut.

Vona for oss som blir igjen her og ventar,
er at røtene eingong dei heimatt hentar.

Heimatt til ansvar for bygdeliv,
for trivnad og framgong og til nytt driv.

Og om ikkje halvøya vår er plassen ein vil bu,
er det flott å feriera her òg kan du tru!

Her er hytter til leige og tomter for sal
det har etter kvart blitt mange val.

Her ligg turgåing, jakting og fisking tilrette
for alle som likar og ønskjer seg dette.

Og me har barnehage, skule, butikkar med det du treng.
Og på grendahuset vårt er det arrangement i fleng.

Me har levande bygder og syns trivsel er viktig.
Syns du dette nappar, sterkt eller forsiktig?

Velkomen til Halvøynå som både bufast og gjest,
anten du kjem frå nord, sør , aust eller vest!