100-årsjubileum for Marvik kapell

Jubileumsgudsteneste og kyrkjemiddag i september.

Oppdatering 24. september: Det er ikkje råd å melde seg på middag lenger. Dei som ønskjer det er hjarteleg velkomne til gudstenesta på søndag, utan påmelding.

Søndag 26. september kl. 11.00 feirar me jubileumsgudsteneste i kapellet. Biskop Anne Lise Ådnøy, prost Sigrid Sigmundstad og sokneprest Margit S Haver blir med og det er biskopen som talar.

Hald fram med å lese «100-årsjubileum for Marvik kapell»

Bli med i revygruppa

Revy Foto: Toyni Tobekk

Hei du, du som er kreativ og klør i fingrane etter å finna på noko løye og vilt!

Me vil veldig gjerne ha med deg som har lyst å skriva, stå på scena, syngja og spela, laga kostyme og kulissar og drive scenearbeid. Du treng ikkje gjera a l t dette, det viktigaste er at du har lyst å vera med og ha det kjekt og bidra til å ta galskapen til nye høgder!

Ikkje ver blyg 🙂 Ta kontakt med Liv Jorunn, Øyvind eller Toyni viss du har lyst å vera med i dette gilde gildet.