ÅRSMØTE I KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS

Medlemmene i Kjølvikstølen Grendahus blir kalla inn til årsmøte

torsdag 28.mars 2019  kl. 2000 på Grendahuset

Saker: Ordinære årsmøtesaker.

Eventuelle saker som medlemmer
ynskjer handsama på årsmøtet
må vera komne inn til styret seinast 18.mars.

Alle medlemmene kan møta på årsmøtet!

Det vert enkel servering!

Vel møtt!

Styret

ÅRETS HALVØYBU 2018

Toyni Tobekk – årets halvøybu 2018

Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag deler kvart år ut ei fruktkorg til årets halvøybu. I år vart det Toyni Tobekk som fekk denne heidersprisen, mellom anna for sin innsats i halvøyrevyen, Grytenuten 4H og Idrettslaget HAUGIL.
Me gratulerar!:)