Skip to content

http://www.ropeidhalvoya.com/

Increase font size Decrease font size Default font size

Velkomen til Ropeidhalvøya

– ei nyskapande bygd i Suldal!
På denne nettstaden kan du gjere deg kjent med Ropeidhalvøya – kven me er og kva me driv på med. Me har ein visjon om å bli den beste bygda å bu i og målet er å auke folketalet - då treng me akkurat deg! Me har god plass, flotte hustomter, ein god skule og barnehage, arbeidsplassar og eit rikt utval av lag og organisasjonar.
Ropeidhalvøya ligg sentralt midt imellom Ryfylkefjordane og Ryfylkeheiane og midt imellom Stavanger, Haugesund og Sauda.

Kva med å flytte hit? Me har spanande arbeidsplassar for både han og ho. Kunne du tenke deg å starte di eiga bedrift, ønskjer du meir tid til familien eller vil du rett og slett berre leve det gode liv? Hjå oss ligg alle mulegheiter opne, det einaste du må gjere, er å bestemme deg.
Me vil ta godt imot deg og hjelper deg gjerne med å realisera dine draumar!
Ønskjer du å vite meir så gjer deg kjent med Ropeidhalvøya på denne nettstaden og ta
kontakt med oss.

Ropeidhalvøya Grendeutval

Du er her: Hovudside
BYGDEKVINNELAGET 2.HALVÅR PDF Skriv ut E-post

Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har møte den 1.onsdagen i månaden, og alle bygdekvinner er velkomne!
Me har planlagt både filmkveld, tur i nærområdet og julekakebaking. Klikk deg inn på Bygdekvinnelaget si side og les meir.

 
NYTT I FRÅ IDRETTSLAGET HAUGIL PDF Skriv ut E-post
torsdag 26. august 2010 08:31

Gå inn på Idrettslaget si side og les meir om Grendacup, sykkelritt og "nytt" trimromLaughing.

 
MØTE I GRENDAUTVALET PDF Skriv ut E-post
måndag 23. august 2010 11:23

Ropeidhalvøya Grendeutval skal ha møte fyrstkomande torsdag, den 26.august kl.19.30 i Næringsbedet i Vatlandsvåg. Informasjon om kva saker som skal handsamast kjem i annonse i Suldalsposten på onsdag.

 
KJØLVIKSTØLEN BARNEHAGE PDF Skriv ut E-post
torsdag 19. august 2010 10:16

Eit nytt barnehageår er i gong i Kjølvikstølen Barnehage. Den nye styraren, Elisabeth Bjørkhaug, ønskjer velkomen og har lagt ut informasjon om litt av kvart på nettstaden. Klikk deg inn her og les meir.

 
SKULESTART MÅNDAG 23.AUGUST PDF Skriv ut E-post

På måndag 23.august startar skulen igjen etter sommarferien. Elevane på Marvik skule startar kl.08.30 og ungdomsskule-elevane startar kl.09.05 på Sand skule. Ein kan finne meir informasjon på MARVIK SKULE og SAND SKULE.

 
SULDALS FYRSTE FOLKEFJOS - PÅ ROPEIDHALVØYA SÅ KLART! PDF Skriv ut E-post

Hjå Bjørn Kjetil og Anne Mette Askvik på Ropeidhalvøya, står 18 kyr fint på rekkje og rad og ventar på å få kome inn i den nye mjølkestallen. Seks om gongen slepp dei inn, og når dei er ferdige, ventar silo og kraftfôr. Etter ei god vekes innkøyring, er det no fred og fordrageligheit i det nye folkefjoset i Askvik.

Les meir…
 
MÅNADENS PORTRETT PDF Skriv ut E-post

AUGUST - BENTE KJOS-WENJUM
Bente er dagleg leiar i Norsk Plan as og skal vere med i eit spanande prosjekt til hausten.

Les intervjuet her.

 
NYE BÅTRUTER I FRÅ 16.AUGUST PDF Skriv ut E-post
torsdag 12. august 2010 07:58

I frå og med 16.august gjeld det nye ruteheftet for båtruter i Ryfylke. Dei fleste har fått det nye ruteheftet i posten, men du kan også klikke deg inn på Rutetabellar nede til venstre på denne sida. Det er for det meste minuttjusteringar på nokre avgonger og ankomstar, dette for å betre regulariteten opplyser Kolumbus på sin nettstad.

 
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sjå våre Sponsorar 

Del på facebook

Rutetabellar


Båtruter

Ferjeruter

Bussruter

Vatlandsvåg Taxi
Ingar Naustvik
mobil: 900 52 705
tlf: 52 79 52 00

Kalender

<<  September 2010  >>
 m  t  o  t  f  l  s 
    3  4  5
  6  7  8  910
13141516171819
2021232425
27282930   

Været


Warning: simplexml_load_file() [function.simplexml-load-file]: I/O warning : failed to load external entity "/home/ropeivlz/public_html/cache/curl.temp.xml" in /home/ropeivlz/public_html/modules/mod_yrWeather/helper.php on line 94

Warning: unlink(/home/ropeivlz/public_html/cache/curl.temp.xml) [function.unlink]: No such file or directory in /home/ropeivlz/public_html/modules/mod_yrWeather/helper.php on line 97

Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/ropeivlz/public_html/modules/mod_yrWeather/helper.php on line 109

Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/ropeivlz/public_html/modules/mod_yrWeather/helper.php on line 133

Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/ropeivlz/public_html/modules/mod_yrWeather/helper.php on line 148


Klikk for meir detaljar: yr.no