Over stokk og stein – halvøyrevyen 2018

Ropeidhalvøya bygdekvinnelag og revygruppa er utruleg glade for nok ein gong å kunne presentere HALVØYREVYEN! Det blir galskap, det blir lidenskap, det blir kjærleik til bygda …

FREDAG 9. og LAURDAG 10. NOVEMBER 2018

Me håper du vil setta av plass i kalenderen din for å få med deg dette! Som før blir det revy på fredag og revy m/mat og fest (18-årsgrense) på laurdag.

B I L L E T T A R —->
FREDAG 9. november: Fredag er det berre revy. Revyen startar kl 19. Billettar til fredag kjøper du i døra når du kjem. Vaksne kr. 200,- Frå 10. klasse og ned kr. 100,-

LAURDAG 10. november: Dørene opnar kl. 19. Mat + revy + dans m/Trave kostar 500,-. Drikke kan kjøpast i baren. 18-årsgrense. Revyen startar ca. kl. 20. Billettar bestiller du frå 5. oktober kl 18.00. Send namn på alle du skal bestille billett til på SMS til Sonia Lie: 976 64 184. Påmeldinga di er registrert først når du får kvitteringsmelding med kontonummer for betaling.

Ropeidhalvøya bygdekvinnelag og revygruppa er utruleg glade for nok ein gong å kunne presentere HALVØYREVYEN! Det blir galskap, det blir lidenskap, det blir kjærleik til bygda … Me håper du vil setta av plass i kalenderen din for å få med deg dette!