Rydda til Bygdeborga

Onsdag hadde Grendeutvalet dugnad for å rydde stien opp til Bygdeborgene på Børshaug, Rosseid. At det var tett småregn og skodde stoppa ikkje den ivrige og arbeidsomme gjengen.

Lyden av fleire motorsager gjalla i fjella, og trestammer som låg til tvers på stien og anna kratt blei raskt rydda vekk. Det same blei trea som hadde vokse seg så høge at dei sperra for utsikten på toppen. Så nå er det flott utsikt mot Vindafjorden igjen. 

På toppen står det bord, og det er ein fin plass å kose seg med det ein måtte ha i sekken. Det vil komme opp ei ny informasjons-tavle der stien startar.  Og me har ikkje fått merka stien ennå, men det er ikkje vanskeleg å finne fram.

God tur! 
Ellen IversenLeiar i Ropeidhalvøya Grendeutval