RYDDEDAG

Det blir felles ryddedag i Suldal  onsdag 20.04.22.  
Me startar kl 17.00. Då vil me vera tilstades med sekker og hanskar på Hebnes ved buss-skuret v/Storstova, på kaien i Vatlandsvåg og på kaien Marvik. Der samlar me også sekkene etter ryddinga, så vil dei bli fjerna av Suldal kommune dagen etter.

Skulen og barnehagen har alt sagt at dei vil delta på dagtid. 

Om de veit at de vil delta, har gode forslag, vil gå til anna tidspunkt eller har spørsmål, er det berre å ta kontakt med Ellen Iversen på telefon 916 05 687.

Håpar mange vil bli med på dugnaden for å gjere det så fint som muleg rundt oss på Ropeidhalvøya!  Tenk gjerne på kor du har lyst å gå på forhånd. Tips: Det er ofte mykje som ligg rundt strender og langs sjøen. 

Helsing Ellen Iversen, Ropeihalvøya grendeutval