100-årsjubileum for Marvik kapell

Jubileumsgudsteneste og kyrkjemiddag i september.

Oppdatering 24. september: Det er ikkje råd å melde seg på middag lenger. Dei som ønskjer det er hjarteleg velkomne til gudstenesta på søndag, utan påmelding.

Søndag 26. september kl. 11.00 feirar me jubileumsgudsteneste i kapellet. Biskop Anne Lise Ådnøy, prost Sigrid Sigmundstad og sokneprest Margit S Haver blir med og det er biskopen som talar.

Det er hausttakkefest og bygdekvinnelaget pyntar. Me gir takkeofferet til Sambolabo: Landsbyen i Kamerun som bygdekvinnelaga har samarbeid med. 4- åringane er spesielt invitert. Dei skal få Kyrkjebok og delta i familiegudstenesta. Organist Martin Haug Tieghem og Marvik musikkorps spelar.

Etter gudstenesta blir det jubileumsmiddag på Kjølvikstølen. Bygdekvinnelaget lagar til for oss, med middag, kaffi og kake. Det blir også program med film frå elevane på skulen og musikk frå korpset.


Hjarteleg velkommen!

For Jelsa sokneråd
Margit S. Haver, sokneprest