Bli digital medlem i Haugil

Nå i inngangen til det nye året må me be deg som er medlem om å oppretta deg ein brukar i vårt nye, digitale medlemsregister. Det er svært enkelt!

Har du heile personnummeret ditt klart tar det to minutt. Du må også registrere barna dine her. Får du det ikkje til, eller ønskjer du at me skal gjera det for deg, tar du kontakt på 98 22 14 10.

Her er lenke til innmelding: https://medlemskap.nif.no

  1. Søk på Haugil i søkefeltet.
  2. Klikk på Idrettslaget Haugil.
  3. Lurer du på om du har brukar fra før, kan du klikke Logg inn. Viss ikkje, trykk Ny bruker
  4. Vel om du skal melde inn deg sjølv eller barnet ditt (under 15).
  5. Fyll inn all informasjon det blir bedt om. Du får nå ei tekstmelding med ein kode du skal legge inn.
  6. Legg inn brukarnamnet og passordet du ønskjer å ha. Du må krysse av i dei to firkantane i rødt.
  7. I bilde 4/7 skal du bare krysse av i rød firkant og trykke Fortsett.
  8. I bilde 5/7 skal du bare trykke fullfør (eventuelt legge til barn).

Det var det heile. Treng du hjelp er det bare å ringe Toyni, 98 22 14 10.

Fra 1.1.2020 er alle idrettslag pålagt å bruke eit godkjend digitalt medlemsregister. Me har vald å bruke Norges Idrettsforbund sitt. Når medlemskapet skal fornyast etter årsmøtet (13. februar 2020), vil me fakturere fra det nye registret.

Idrettslag som ikke har dette på stell kan risikere å mista ein del støtte, så det betyr svært mykje for oss at medlemma er med og gjer dette.