Bli med i revygruppa

Hei du, du som er kreativ og klør i fingrane etter å finna på noko løye og vilt!

6. og 7. november 2020 er det klart for Halvøyrevyen 2020. Me vil veldig gjerne ha med deg som har lyst å skriva, stå på scena, syngja og spela, laga kostyme og kulissar og drive scenearbeid. Du treng ikkje gjera a l t dette, det viktigaste er at du har lyst å vera med og ha det kjekt og bidra til å ta galskapen til nye høgder!

Ikkje ver blyg 🙂 Ta kontakt med Liv Jorunn, Øyvind eller Toyni viss du har lyst å vera med i dette gilde gildet.