Onsdag hadde Grendeutvalet dugnad for å rydde stien opp til Bygdeborgene på Børshaug, Rosseid. At det var tett småregn og skodde stoppa ikkje den ivrige og arbeidsomme gjengen.
Hald fram med å lese «Rydda til Bygdeborga»100-årsjubileum for Marvik kapell

Jubileumsgudsteneste og kyrkjemiddag i september.
Oppdatering 24. september: Det er ikkje råd å melde seg på middag lenger. Dei som ønskjer det er hjarteleg velkomne til gudstenesta på søndag, utan påmelding.
Søndag 26. september kl. 11.00 feirar me jubileumsgudsteneste i kapellet. Biskop Anne Lise Ådnøy, prost Sigrid Sigmundstad og sokneprest Margit S Haver blir med og det er biskopen som talar.
Hald fram med å lese «100-årsjubileum for Marvik kapell»Søk økonomisk støtte
Grendeutvalet på Ropeidhalvøya inviterer til å søke støtte til planlagde arrangement. Tiltak for barn og unge vil bli prioritert.
Søknadsfrist 1. november 2021.
Send søknad til Ropeidhalvøya grendautval: ellen.iversen@haugnett.no
Årsmøte i Grendahuset
Styret i Kjølvikstølen Grendahus inviterer til årsmøte torsdag 25.mars kl.20.
Meir informasjon finn du HER.

Bli med i revygruppa
Hei du, du som er kreativ og klør i fingrane etter å finna på noko løye og vilt!
Me vil veldig gjerne ha med deg som har lyst å skriva, stå på scena, syngja og spela, laga kostyme og kulissar og drive scenearbeid. Du treng ikkje gjera a l t dette, det viktigaste er at du har lyst å vera med og ha det kjekt og bidra til å ta galskapen til nye høgder!
Ikkje ver blyg 🙂 Ta kontakt med Liv Jorunn, Øyvind eller Toyni viss du har lyst å vera med i dette gilde gildet.
Bli digital medlem i Haugil
Nå i inngangen til det nye året må me be deg som er medlem om å oppretta deg ein brukar i vårt nye, digitale medlemsregister. Det er svært enkelt!
Les vidare!