Skip to content

http://www.ropeidhalvoya.com/

Increase font size Decrease font size Default font size

Velkomen til Ropeidhalvøya

– ei nyskapande bygd i Suldal!
På denne nettstaden kan du gjere deg kjent med Ropeidhalvøya – kven me er og kva me driv på med. Me har ein visjon om å bli den beste bygda å bu i og målet er å auke folketalet - då treng me akkurat deg! Me har god plass, flotte hustomter, ein god skule og barnehage, arbeidsplassar og eit rikt utval av lag og organisasjonar.
Ropeidhalvøya ligg sentralt midt imellom Ryfylkefjordane og Ryfylkeheiane og midt imellom Stavanger, Haugesund og Sauda.

Kva med å flytte hit? Me har spanande arbeidsplassar for både han og ho. Kunne du tenke deg å starte di eiga bedrift, ønskjer du meir tid til familien eller vil du rett og slett berre leve det gode liv? Hjå oss ligg alle mulegheiter opne, det einaste du må gjere, er å bestemme deg.
Me vil ta godt imot deg og hjelper deg gjerne med å realisera dine draumar!
Ønskjer du å vite meir så gjer deg kjent med Ropeidhalvøya på denne nettstaden og ta
kontakt med oss.

Ropeidhalvøya Grendeutval

Du er her: Hovudside
DET GODE LIV PÅ DØSJE PDF Skriv ut E-post
søndag 05. februar 2012 17:13

Feriehyttene til Tonje og Karl Ohm på Døsje, er på nett.
Du kan lese meir på DYSJE FJORDHYTTER


 
STATKRAFTCUP PÅ LAURDAG PDF Skriv ut E-post
torsdag 02. februar 2012 11:33

Laurdag 4.februar vert det Statkraftcup i Suldalshallen.

Haugil stillar med Miniknott,- Knott,- og Lilleputt-lag 
Du finn meir informasjon om kampoppsett og anna på IDRETTSLAGET SAND si heimeside. 

 
FEBRUAR PDF Skriv ut E-post
onsdag 01. februar 2012 19:18

Me skriv allereie februar, og månadens kalenderbilete syner fire flotte damer som kjem i frå havet og inn imot Hebnes.

"Dette var synet som møtte dei første,
dei første som kom her svoltne og tørste".



Frå venstre: Sonia S. Lie, Annette Hebnes, Lena Nergård og Mette Vatland

 
MØTE I GRENDEUTVALET PÅ TYSDAG PDF Skriv ut E-post
søndag 29. januar 2012 09:28

Tysdag 31.januar er det møte i grendeutvalet på Marvik skule kl.19.00.
Møte er ope for alle.

Sakliste:
1/12 Referat og meldingar
2/12 Detaljplan gnr.112 bnr 1 .fl. Leirvikja, Hebnes
3/12 Årsplan for 2012

 
UNGDOMSFREDAG PÅ KULTURHUSET PDF Skriv ut E-post
fredag 27. januar 2012 08:15

I kveld har kulturhuset ope for kino og bowling, særleg retta mot skuleungdom. Dørene er ope i frå kl.18.00-23.00.
Kl. 21.00 er det Noregspremiere på Mission Impossible - Ghost Protocol (15 år).

Ungdomsfredagane vidare vert:

- 10.februar - noregspremiere på filmen Pus med støvler
- 16.mars - noregspremiere på filmen Hugo Cabret
- 20.april - noregspremiere på filmen Battleship (15 år)

 
BYTEKVELD PDF Skriv ut E-post
onsdag 25. januar 2012 00:00

Bygdekvinnelaget inviterar til kjøpe/selje/byte/gi bort-kveld på Grendahuset torsdag 2.feb i frå kl. 18.00-19.30.
Har du noko, fortrinnsvis sportsartiklar/barneutstyr o.l. du vil selja, byta eller gi bort så møt opp.
Alle er ansvarlege for sine eigne ting - det du ikkje får byta/solgt/gitt bort, må du ta med deg heim att.
Og til deg som treng noko, 1.mann til mølla gjelder!Wink

 
BRØYTING OG STRØYING PDF Skriv ut E-post
måndag 23. januar 2012 10:16

Suldal kommune har brøytekontrakt med
Roald Vatland 97 77 86 71,
for kommunal veg på Ropeidhalvøya.
Det er Risa AS som har brøyting av Rv og Fv i Suldal kommune og du ringjer vakttelefon for Statens vegvesen 175 dersom det er noko med brøyting / strøying på desse vegane.

 
SUNDAGSSKULEN PDF Skriv ut E-post
torsdag 19. januar 2012 18:22

No er datoane for sundagsskulen lagt inn i kalenderen for 1.halvår.
Velkomen til alle på Kjølvik bedehus i frå kl.10.30 - 11.15.

 
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Bestill kalenderen Ropeidhalvøya 2012

HER

Sjå våre Sponsorar 

Del på facebook

Rutetabellar


Båtruter

Ferjeruter

Bussruter

Vatlandsvåg Taxi
Ingar Naustvik
900 52 705 
52 79 52 00

Kalender

<<  Februar 2012  >>
 m  t  o  t  f  l  s 
    3
  6  911
13141617
2021222324
28    

Været

Hebnes
Noreg
Tysdag 07.02.2012
Lettskyafra øst-sørøst0°C2.2m/s
0mm
Onsdag 08.02.2012
Skyafra øst-nordøst1°C5.4m/s
0mm
Torsdag 09.02.2012
Skyafra øst-nordøst0°C4.4m/s
0.3mm
Fredag 10.02.2012
Regnfra sør-sørøst3°C3.3m/s
0.6mm
Laurdag 11.02.2012
Regnfra nordvest5°C2.8m/s
1.1mm
Klikk for meir detaljar: yr.no